Brekurs for klatrarar 2016-11-09T14:51:41+00:00

Brekurs for klatrarar

Viss du er aktiv klatrar så kan du mykje om tau, utstyr og sikring. Då kan du ta brekurs for klatrarar. Innhaldet er det same som på brekurs, men blir også tilpassa behova til klatrarar.

Kursinnhald

Målet med brekurs for klatrarar er å gjere deg trygg på breen. For å oppnå dette øver vi vegval, sikring, redning, orientering, snøbakketeknikk og klatring. Kvar instruktør har ansvaret for tre til fem deltakarar, så du er sikra god oppfølging i løpet av kursveka.

Første delen av kurset foregår på is. Det er gjerne isen som er den mest spennande delen av breen, og vi øver på gangteknikkar, sikringsteknikkar og redning.

Andre delen av kurset foregår på snø. Sjølv om snøen ser trygg ut så er det her dei største utfordringane er. Du får lære å leite etter og vurdere snøbruer, sikre med snøanker og gå i bratte snøbakkar på ein trygg måte.

Du må drive aktivt med klatring for å ta dette kurset. Elles er normal fysisk form nok. Enkelte dagar vil være lange, andre korte. Uansett får du tid til å hente deg inn med god mat og sosial hygge på kveldane.

Kursstadar

Smørstabbreen ligg i Jotunheimen. Her ligg vi i telt heile veka omlag ti minutt frå parkeringsplassen. Du bur i eige telt, men vi har ein lavvo med ovn som vi brukar som opphaldsrom om kvelden viss veret er dårleg. Breen ligg ein god halvtime frå leiren og har alle utfordringar ein treng på eit brekurs. Rundt oss har vi høge fjell og naturlege turmål er Kalven (2034 m) og Storebjørn (2223 m). Vi har halde brekurs her kvar sommar sidan 1995.

Flatbrehytta ligg heilt sør på Jostedalsbreen. Det tek 2-3 timar opp til hytta første kvelden, men belønninga er at vi bur fem minutt frå breen. Hytta er enkel, intim og har historie tilbake til patentførarane. Her får du utsikt som set spor. Flatbreen er godt egna til grunnkurs og med eit naturleg turmål i Supphellenipa. Her får ein kjenne på kor stor og variert Jostedalsbreen er.

Du får det same kurset begge stadane. Dette er unike og svært gode stader for brekurs, samtidig som dei er forskjellige. På Smørstabbreen får du oppleve Jotunheimen med dei mektigaste fjella i landet. På Flatbrehytta får du oppleve kor stor, vill og allsidig Jostedalsbreen faktisk er.

Temaliste

Følgande vert gjennomført på breen (praksis) :

• Gange i lett og vanskelig is, utan tau
• Vandring i lett og vanskelig is, med tau
• Sikringsteknikk i taulag
• Vurdering av snøbruer
• Redning i is (Lose Rolle + demonstrasjon av talje)
• Redning i snø
• Snøbakketeknikk
• Orientering på bre (kombinert med ein topptur )
• Klatring og rapell

Følgande vert gjennomgått om kvelden (teori)

• Brelære
• Redningsteknikkar
• Orientering
• Utstyr
• Alpine farer
• Førstehjelp i fjellet
• Knutar

Vil du vite meir?
Gå til dokumentsida og sjå detaljert program og utstyrsliste.
Når har vi kurs?
Sjå oversikt på datoar og prisar.
Vil du melde deg på?
Gå til vår nettbutikk www.breoppleving.no.

Kursprogram

ONSDAG

Vi møtast kl 1900. Etter presentasjon av kursopplegget og instruktørane, tek undervisninga til. Vi tilpassar utstyr og repeterer knutar.

TORSDAG

Denne dagen brukar vi i blåisen. Vi skal øve gangteknikkar med og utan tau, innknyting og vegval.

Allereie denne dagen får deltakarane sjølv leie taulaget. Om kvelden vert det teori om redningsteknikkar på is og snø.

FREDAG

Første del av dagen går med til redning i blåis. Etter lunsj blir det redning på snø. A

lle skal delta på dei viktigaste plassane i taulaget.

Om kvelden tek vi for oss teori om orientering på bre, snøbakketeknikk og alpine farer.

LAURDAG

Dette er turdagen. Målet for turen blir bestemt av kursleiar ut frå ver og forhold. Eit viktig mål er å planlegge og gjennomføre kryssing av ein bre fram mot eit fjell.

På vegen kjem vi til å trene på orientering på bre og snøbakketeknikk. Om kvelden blir det teori om vegval og sikring.

SØNDAG

Denne dagen skal vi øve oss på å gå i blåis og særleg overgangen mellom is og snø. Det er viktig at alle får prøvd seg først i taulaget.

Det blir litt klatring på topptau på slutten av dagen.

Kurset vert avslutta med evaluering seinast kl 20.