Alpinkurs 2017-09-06T18:35:54+00:00

Alpinkurs – for deg som vil lære meir

Alpinkurset er for deg som driv aktivt med klatring og som har lyst til å lære å klatre i høgfjellet.

På dette kurset brukar vi mest tid i fjellet, men begynner med klatrefelt og isbre.

Kursinnhald

Alpinkurset er tilpassa dei som kan klatring frå før, men ønsker å lære meir om klatring høgt til fjells. Når ein klatrer i fjellet må ein også kunne litt om isbre og snø, så vi begynner med eit par dagar på breen. Etterpå blir det ein dag i klatrefelt før vi reiser til fjells og klatrer ruter på fleire taulengder.

Målet med kurset er at du skal bli i stand til å klatre lengre ruter i høgfjellet på eiga hand, også ruter med bratt snø og kryssing av bre.

Kursstadar

Smørstabbreen

Første del av kurset foregår på Smørstabbreen. Her vil vi bruke ein dag i isen og ein dag på snødekt bre slik at du får ei pøvd begge deler.

Hurrungane og Jostedalen

Andre del av kurset vil foregå i Hurrungane og i Jostedalen, avhengig av forholda. Begge desse stadane finn vi lange ruter der vi virkelig får øvd på klatring i fjellet.

Temaliste

Følgande vert gjennomført i praksis:
  • Gange i lett og vanskelig is, utan tau
  • Vandring og sikring i bratt snø
  • Redning
  • Klatring og rapell på bre og fjell
  • Sikring i fjell
  • Klatring i høgfjellet på naturlege sikringar
  • Klatring av lengre ruter i fjellet

Følgande vert gjennomgått om kvelden:

  • Brelære
  • Redningsteknikkar på bre og fjell
  • Alpine farer
  • Knutar og taubruk
  • Sikringsteknikk på bre og fjell
  • Utstyr
Vil du vite meir?
Gå til dokumentsida og sjå detaljert program og utstyrsliste.
Når har vi kurs?
Sjå oversikt på datoar og prisar.
Vil du melde deg på?
Gå til vår nettbutikk www.breoppleving.no.

Kursprogram

MÅNDAG

Vi møtest kl 19 og brukar litt tid på å sette opp teltleiren. Den ligg omlag ti minutt frå vegen.

Etterpå blir det samling og ei presentasjonsrunde. Deretter ser vi på utstyr og øver på knutar. Instruktørane vil også fortelle om opplegget og kva vi skal gå gjennom neste dag.

TYSDAG

Denne dagen brukar vi på Smørstabbreen. Vi øver oss på innknyting i taulag, gangteknikkar med og utan tau og sikring av taulaget. Deltakarane får sjølve leie taulaget og plassere sikringane.

På slutten av dagen lagar vi ein standplass og klatrar litt på topptau. 

ONSDAG

Også denne dagen vert på Smørstabbreen.

No skal vi øve redning på snø før lunsj og vandring og sikring i bratt snø etter lunsj.

Om kvelden førbur vi klatredelen av kurset og forflytter oss.

TORSDAG

Denne dagen blir i klatrefelt.

Vi øver klatreteknikk, kommunikasjon, standplass og rapellering. I tillegg brukar vi tid på å øve naturlig sikring og taulagsrutiner ved klatring av fleire taulengder. 

FREDAG

Vi klatrer ei rute med fleire taulengder.

Målet er å øve klatring i fjellet og utvikle til smidighet i taulagsrutiner.

LAURDAG

Denne dagen legg vi ut på langtur. 

Vi vil oppsøke ei rute med ulike utfordringar og brukar heile dagen i fjellet. Det er no deltakarane skal få prøvd ut alt ein har øvd på i løpet av veka.

SØNDAG

Søndagen blir det evaluering før vi pakkar saman og reiser heim.